Boka som reiser i tid og bilete

Denne månaden kjem det ei ny bok frå Skald forlag der den prislønte fotografen Pål Hermansen tek deg med på ei reise gjennom tid på Vestlandet.

Vestlandet: Boka er utgitt av Skald forlag og inneheld tekst, samt nye og gamle bilete frå Vestlandet  Foto: Skald

Nyhende

Boka «Vestlandet» er laga for å ta med lesaren på ei reise i gamle turistar sine fotspor. Ifølgje forlaget var det i andre halvdel av 1800-talet at dei første turistane kom til Noreg. Dei stadane på Vestlandet som er populære i dag var like storslåtte for 150 år sidan, men stod meir urørt enn i dag.