Melding om snø ned til 4-600 meter:

Kan stenge veg på kort varsel

Måndag ettermiddag melder Vegtrafikksentralen midt om snø ved FV 63 Trollstigen og Geiranger-Langevatn.

Snø i høgda: Vegtrafikksentralen melder at strekningane ved FV 63 Trollstigen og Geiranger-Langevatn kan stenge på kort varsel på grunn av snø.  Foto: Vegtrafikksentralen

Nyhende

På Twitter kan ein lese at det er meldt snø ned til 4-600 meter. Vegtrafikksentralen midt ber trafikantar som har planar om å køyre i høgda bør sørgje for å vere skodd etter føre og tilpasse farta etter forholda. Dei melder også at strekningane kan bli stengt på kort varsel.