Stranda Alpin:

Oppladinga i full gang

Stranda Alpin er allereie godt i gang med oppladinga til vinteren og har i den samanheng vore på fleire samlingar allereie.

Samling i skihallen SNØ: Frå Stranda Alpin: Erik Kjerstad Opshaug nr 2 fra venstre og Lisa Maria Hole Hagen nr 4.  Foto: Privat

Nyhende

Det er ikkje berre om vinteren alpinistane står på ski. Frå første mai og fram til jul har mange av medlemmane i Stranda Alpin vore med på fleire treningssamlingar. På vårparten var dei på Juvass og på seinsommaren og til no har dei vore tre gongar til Oslo. Her trenar dei i SNØ Oslo som er ein stor innandørs skihall.