Støre-regjeringa seier at dette ferjesambandet vil bli gratis

I den nye regjeringsplattforma frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet kjem det fram at alle ferjesamband med under 100.000 passasjerar årleg skal bli gratis.

Gratis: Ifølgje den nye regjeringsplattforma frå Ap og Sp som blei presentert i helga, vil ferjeprisane bli halverte, og samband med under 100.000 passasjerar årleg bli gratis. Her er partileiar i Sp, Trygve Slagsvold Vedum og stortingsrepresentant Jenny Klinge på ferja på eitt av sambanda som kan bli gratis, Hundeidvik-Festøya.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Under valkampen var eitt av dei store løfta frå både Ap og Sp at noko skulle bli gjort med dei høge ferjeprisane. Møre og Romsdal Ap var først ut, og lova halverte ferjeprisar, og dei andre partia hang seg på snart etter. Mellom anna ville Frp ha gratis ferjer, slik som i Sverige, medan Sp ville at ferjesamband med få passasjerar skulle bli gratis, noko partileiar Trygve Slagsvold Vedum og stortingsrepresentant Jenny Klinge fortalde til Nyss då dei besøkte Sykkylven under valkampen.