Tur til Geiranger

Det var fint vêr og god stemning då Dagsenter for eldre og Neset dagsenter reiste til Geiranger førre månad.

Spaserar: Det blei ein flott tur til den populære turistbygda.  Foto: Privat

Nyhende

Dagsenter for eldre og Neset dagsenter blei invitert av Åge Hansen og Fjord Ferge til å vere med på tur til Geiranger. Onsdag 29. september drog dagsentera, frivillige sjåførar og frivillige frå Røde Kors Omsorg til Geiranger. Ferjeturen tok omtrent ein time, og undervegs fekk vi høyre om dei ulike gardane langs Geirangerfjorden. Vi hadde god servering på ferja, både innover og utover.