50 møtte til samtale om stadnamn langs fjorden

Møte: Stranda Mållag inviterte til møte om stadnamn langs fjorden.  

Nyhende

Torsdag 7. oktober inviterte Stranda Mållag til møte på Hægstad Gård på Hellesylt. På programmet stod «Stadnamn langs fjorden» med lektor Odd Normann Hoff. Han fekk kulturprisen til Stranda kommune i 2020 mellom anna for sitt langvarige arbeid med innsamling av stadnamn, og er ein røynd formidlar av kunnskap om emnet. Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, leiar i Sunnmøre Mållag, snakka om lokal identitet knytt opp mot dialekt og nynorsk.