Ny gigantmaskin på plass hos Pla-Mek

– Eg veit ikkje om den er den største sprøytestøypemaskina i landet, men den er nok ikkje langt unna.

Stor: Dagleg leiar Sveinung Ørjasæter og fabrikksjef Bjarne Olav Velle hos Pla-Mek foran den nye maskina deira. Den er 18 meter lang, seks meter brei og har ei vekt på 150 tonn.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Det seier dagleg leiar Sveinung Ørjasæter hos Pla-Mek til Nyss. Saman med fabrikksjef Bjarne Olav Velle viser han lokalavisa rundt i den heilt nye produksjonshallen som har blitt bygd på industriområdet på Aursnes i Sykkylven. Den nye hallen er ein del av satsinga til bedrifta, som opplever gode økonomiske tider.