Nye tal frå hjortejakta

Nye tal viser at det ikkje er lengje att til dei har dekt halvparten av kvota for felling av hjort i Sykkylven kommune.

Oppdatering: Tala viser også at det er Straumsdalen storvald som har felt flest hjortar sidan starta på jakta 1. september.  Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag melde Karl Johan Stadsnes frå Miljø og Landbruk igjen om nye tal frå jakta. Førre veke blei det meldt om 197 felte hjortar i Sykkylven, noko som utgjorde 37 prosent av den tildelte kvota. Tala har per 12. oktober auka til 222 hjortar, og 41 prosent av kvota på 538 hjortar. Jakttida for hjort er ikkje over før 23. desember.