To sendt til sjukehus etter ulukke på Strandafjellet

Politiet melder tysdag på Twitter om ulukke på Strandafjellet i nærleiken av skisenteret.

Politi  Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag ettermiddag skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter at det har vore ei trafikkulukke om lag 500 meter frå skisenteret på Strandafjellet ved fylkesveg 60. Ein einsleg bil hamna i grøfta, der ein vaksen og eitt born var involvert. Begge var oppegåande og kom seg ut av bilen.