Fleire tiår utan gatelys:

Turistbygda som kjenner seg gløymt

Gatelys i den populære turiststaden Geiranger manglar, og innbyggjarane fryktar ulukker når mørketida kjem.

Populær turistbygd: Innbyggjarane i Geiranger ønsker å bli høyrt når det gjeld ønsket om gatelys, no har dei venta i mange år.  Foto: Marianne Løvland / NTB

Nyhende

På ein sommardag i Geiranger er bygda full av liv og turistar, og ein kan vente tusenvis av menneskje gåande i gatene. Når hausten og vinteren kjem minkar dette talet betydeleg, og delar av sentrum ligg mørklagt. Olav Arne Merok, busett i Geiranger, fortel til Nyss at bygda ser ikkje særleg viktig ut lenger når mørketida kjem.