Vart årets handballtrenar

På handballforum i Molde i september blei det kjent at Vidar Hafsås frå Sykkylven vann prisen for årets handballtrenar for dei samanlagte sesongane 2019 til 2021.

Vinnar: Forbundet skildrar Vidar Hafsås mellom anna som ein mann med utømmeleg pågangsmot og som er full av nye idéar. Difor fekk sykkylvingen prisen for årets handballtrenar.   Foto: Norges Håndballforbund

Nyhende

Det var Norges Håndballforbund region nord som arrangerte forumet. Prisane kallar dei for begeistringsprisar, og blei tildelt til vinnarane av dei nominerte i regionen.