Frustrert fiskeseljar

Ønskjer straumtilgang på torget

Andre Fredriksson som er dagleg leiar i Kvalitet frå havet er frustrert over mangelen på straumtilgang på torget på Aure. – Dette kan føre til at torgseljarar vel å ikkje kome hit, seier Fredriksson. Driftsleiar i Straumen Nett, Halvard Hjorthol, meinar at det skal vere råd å få til ei løysing.

Manglar straum: Andre Fredriksson som er dagleg leiar i Kvalitet fra havet er frustrert over mangelen på straumtilgang.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

For mange er det kjekt å kunne handle mellom anna smultringar, fisk og pølser på det vesle torget på vestsida av Jernia BS Aure ein laurdagsmorgon. Fiskeseljar Andre Fredriksson ønskjer betre tilrettelegging for torgseljarane.