Laila Oddan Nordstand er klar for fagleg påfyll:

– Det blir stress, men eit godt stress

I desse dagar er Laila Oddan Nordstrand (17) frå Sykkylven på KokkeCampus for framtida sine kokkar i regi av Norske Kokkers Landsforening (NKL). Ho håpar å kome heim att med mykje ny inspirasjon i kofferten.

Klar for KokkeCampus: Laila Oddan Nordstrand er klar for fagleg påfyll og konkurranse i Oslo.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Laila har alltid hatt ein draum om å bli kokk, og aller helst ønskjer ho å jobbe til sjøs som stuert. Ho er godt i gang med utdanninga, og går andreåret restaurant- og matfag kokk og servitør ved Borgund vidaregåande skule. Som ein av i alt 20 er ho plukka ut til å ta del i KokkeCampus som går av stablane i 14.–18. oktober i Oslo. NKL står som arrangør, og dei ønskjer at dette skal vere ein arena der framtida sine kokkar og Noreg sine unge kokketalent skal bli inspirerte, oppleve meistring og bli motiverte til å fullføre den påbegynte utdanninga.