Sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug om endringa i arbeidsgjevaravgifta:

– Noko vi har arbeidd for i mange år

Ordføraren i Sykkylven er veldig glad for at kommunen no kan få redusert arbeidsgjevaravgifta.

Fornøgd: Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug, er veldig glad for at kommunen kan få ein reduksjon i arbeidsgjevaravgifta.  Foto: Solveig Årdal

Nyhende

– Det er klart at dette betyr mykje, særleg for eit konkurranseutsett næringsliv. Den arbeidsgjevaravgifta vi har hatt har ikkje vore bra for næringslivet, og dette er noko vi har arbeidd for i mange år, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) i Sykkylven til Nyss.