Eit sikkert haustteikn:

Kåringssjå på Ødegård

Laurdag var det vêrlamåring på Ødegård, og tolv bønder møtte opp med sine finaste vêrlam.

Alt skal målast: Dommarane Knut Ole Overå (t.v.) og Lars Olav Vanberg måtte både løfte, sjekke og måle for kome fram til ein vinnar.  Foto: Jorunn Rørhuus-Øie

Nyhende

Eit sikkert haustteikn på Ødegård er når bøndene samlast til den årlege vêrkåringa. Sist laurdag møtte tolv sauebønder opp og alle hadde tatt med seg dei finaste vêrlamma frå sin buskap. Produsentane i år kom ifrå både Sykkylven, Stranda, Hellesylt, Eidsdal og Liabygda og alle hadde med seg tre til fem vêrlam kvar.