Over kaffikoppen:

– Kunne tenkt meg hotell på Aurenakken

Ein samtale med folk frå Sykkylven og Stranda.

Erikgarden: Per Bjarte Ludviksen har vore bonde på heiltid sidan 2011.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Per Bjarte Ludviksen
  • Alder: 57 år
  • Bustad: Blindheim
  • Yrke: Bonde

Per Bjarte Ludviksen vaks opp på Erikgarden på Blindheim saman med foreldra Bernt og Annlaug, og dei to yngre søskena Tore og Randi. Han var tidleg med på gardsarbeidet og visste at han som odelsgut med tida skulle ta over gardsdrifta. I 2011 vart det eit generasjonsskifte på Erikgarden, og Per Bjarte hoppa rett inn i drifta av garden. I byrjinga med god hjelp frå foreldra. I dag er han bonde på fulltid med over 40 storfe.