Barn, ikkje brud:

– Støtt opp om jentene!

Årets TV-aksjon er ei svært viktig sak å støtte opp om, seier ordførarane i Stranda og Sykkylven.

Klar til innsats: Både Svein Erik Rimstad, Jan Ove Tryggestad og Aud Tomasgard Berstad oppmoder alle til å støtte TV-aksjonen.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

I år er det Plan Internasjonal Norge som har fått tildelt TV-aksjonen som vert halden søndag 24. oktober. Hovudbodskapen er «Barn, ikkje brud» og set fokus på barneekteskap som er eit veksande problem i verda i dag. Ikkje berre vert jentene fråtekne ei utdanning, men dei vert også skamferte etter å vorte gravid i alt for ung alder.