Ber Stortinget sørge for midlar til NVE for drenering av Åkerneset

Frank Sve og Sylvi Listhaug har fremja representantforslag til Stortinget.

Frank Sve og Sylvi Listhaug, ferje  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Nyhende

For ei tid tilbake blei det kjend at NVE meiner at drenering av det rasfarlege fjellpartiet Åkerneset i Stranda kommune vil kunne vere ei løysing for å kunne utsetje, eller i beste fall stanse, eit ras frå fjellet. Eit slikt ras vil kunne gjere skadar for titals av milliardar kroner, og mellom anna øydeleggje tettstadene Geiranger og Hellesylt, samt føre til skade på infrastruktur langs heile Storfjorden. Dette scenariet blei dramatisert i katastrofefilmen «Bølgen» i 2015.