Serveringsstad treng nye eigarar: – Eg har fått det litt opp i halsen

Pandemien har øydelagt mykje siste året. Også i Nyss sitt dekningsområde har den råka enkelte sine visjonar og draumar.

Fått nok: Severin Welle, dagleg leiar ved Fjøla, ønsker å bytte ut kafédrifta med nye eventyr.  Foto: Privat

Nyhende

I 2019 opna Fjøla Café & Event i Straumgjerde i Sykkylven. Under pandemien var det vanskeleg å halde ting gåande, men redninga blei lokalbefolkninga og nokre pengeinnsamlingar. Likevel er det ikkje liv i Fjøla i dag.