Før i tida:

Dramatisk saueredning og gospeltur til Loen

Sjå bilete frå saueredning med helikopter, gospeltur til Loen og garden Skageflå før den vart restaurert.
Nyhende

Kjent fjellgard: Skageflå før restaureringa i 1975.  Foto: Bjarne Skarbøvik

SKAGEFLÅ FØR RESTAURERINGA: Slik såg dei to tuna ut på Skageflå før Storfjordens venner vart skipa i 1975 og tok fatt på restaureringa av Skageflå som første prosjekt. Eit vilkår for at der i det heile teke stod hus på Skageflå var at eigarane tidleg i 50-åra la på eternittplater på taka. Rasmus Møll kjøpte halve Skageflå i 1900 og resten i 1916. Han tog også namnet Skageflå då han meinte det var mange nok Rasmusar med Møll til etternamn. Kjelde: Gardane langs Storfjorden av Harald Kjølås.