Får 16 millionar mindre å rutte med

Det blir krevjande økonomiske tider i vente for Sykkylven kommune.

Geir Ove Vegsund  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Måndag 8. november blei forslaget til budsjett for 2022, og økonomiplan for 2022-2025, lagt fram for politikarane i kommunestyret i Sykkylven. Kommunedirektør Geir Ove Vegsund, økonomisjef Torbjørn Emblem, kommunalsjef Bjørnar Midtbust i kultur og oppvekst og kommunalsjef Ragnhild Hanken Skjong i helse og omsorg orienterte om dei forskjellige vala som har blitt gjort.