Innsats for alle - slik vil desse jentene hjelpe andre

På Sykkylven ungdomsskule har ein gjeng på sju jenter starta eit prosjekt for innsamling til barndomskreft. Prosjektet er i forbindelse med valfaget som heiter «innsats for alle».

Gjengen: Bak f.v.: Rahma Amin Osman, Linnea Naustenget Hagebakk, Ella Alnes-Bonesmo og Oline Klokkehaug. Framme f.v.: Torine Furstrand Vemøy og Sina Bertine Goksøyr. Også med i gruppa er Isabel Dabon Fredriksen, men ikkje til stades denne dagen.  Foto: Amanda Røed Stave

Nyhende

Saman har jentene frå Sykkylven valt sjølv kva foreining dei ønskjer å støtte, og seier at målet er å bidra til å hjelpe dei familiane som er ramma av barnekreft.