Tre skular får ei skuleklasse mindre frå hausten av

Demografiutviklinga i Sykkylven får konsekvensar også for skulane.

Færre klassar: Kommunalsjef kultur og oppvekst Bjørnar Midtbust i Sykkylven kommune fortalde at det vil bli ei klasse mindre på tre av skulane i Sykkylven. Dette betyr sparte pengar for kommunen.  Foto: Monica Aure Fallingen / arkiv

Nyhende

Under presentasjonen av budsjettframlegget for 2022 i kommunestyret i Sykkylven måndag 8. november, forklarte kommunalsjef Bjørnar Midtbust i kultur og oppvekst om status ved skulane i kommunen. Folketalet er på veg nedover, og kulla i både skule og barnehage blir mindre.