Får nesten ein million kroner til arbeid med hjelpemiddel til barn

Det interkommunale samarbeidet MiSu har fått 950.000 kroner til arbeidet med velferdsteknologi for barn og unge i Sykkylven, Stranda, Fjord, Giske og Sula. Fleire tilsette ved kommunale einingar som jobbar med barn samla seg for å få med seg den digitale SPOT-konferansen, med tema teknologi og spesialpedagogikk.

Frå venstre: Prosjektleiar for MiSu Søgni Grøndal, rektor ved Ullavik skule Kjersti Hovet, fagleiar ved PPT i Sykkylven Tor Ove Myrseth og einingsleiar for barne- og familietenestene Linda Nilsen Hovland.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Nyss tok turen innom Sykkylven kulturhus fredag, der aktuelle deltakarar frå skule/oppvekst og helse/omsorg var samla for å sjå Statped sin SPOT-konferanse i lag, i regi av den lokale arbeidsgruppa for MiSu sitt barn- og unge-prosjekt. Tema for konferansen var teknologi og spesialpedagogikk.