Ekornes med stor sum mot Alzheimers: – De er fantastisk sjenerøse

Onsdag ettermiddag hadde Nils-Jarle Sætre foredrag om Alzheimer og innsamlinga han hadde på turen til Galdhøpiggen for tilsette ved sømavdelinga ved Ekornes avdeling Aure. Dette som takk for innsamlinga sømavdelinga nyleg har hatt for saka.

Kopp: Nils-Jarle Sætre held opp ein av koppane som nokre ved Ekornes avd. Aure har fått laga.   Foto: Privat

Nyhende

Mange har høyrt om reisa til topps mot Alzheimers som Nils-Jarle Sætre frå Vartdal i Ørsta gjorde i sommar. No har han samla inn om lag 950.000 kroner og er nær målet om ein million, om lag 34.000 kroner av totalen kom frå ei innsamling som sømavdelinga ved Ekornes avdeling Aure har hatt.