Fremjer representantforslag om straumsituasjonen i Geirangerfjorden

Framstegspartiet ber regjeringa sørge for tilstrekkeleg med straum på Hellesylt og i Geiranger.

Forslag Frank Sve er ein av stortingsrepresentantane som står bak representantforslaget frå Framstegspartiet.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Med krav om nullutslepp i Geirangerfjorden frå 2026 har ei sentral utfordring vore straumsituasjonen på Hellesylt og i Geiranger. Særleg Geiranger har eit stort behov for meir straum, noko løysinga dei har i dag ikkje vil klare å støtte. Stranda kommune har også hatt store problem knytt til noko så lite som avløpspumpestasjon i eit nytt bustadfelt i Kopane, og der er store problem knytt til utfordringar med straum ved planlegging og bygging av ny brann- og ambulansestasjon i bygda. Hellesylt er òg i ein liknande situasjon, der straumlinjene ut frå bygda er for små til at dei lokale kraftverka for fullt skal kunne levere straumen. Med meir og meir aktivitet i bygda vil Hellesylt oppleve ein lik situasjon som i Geiranger, der det vil bli skapt eit underskot på straum.