– Vi ser behovet for å snakke høgare om Alzheimers

Saumavdelinga ved Ekornes avd. Aure har samla inn pengar til saka mot Alzheimers som mange kanskje har sett Nils-Jarle Sætre gå til topps mot tidlegare i år. Onsdag ettermiddag vitja Sætre dei for å gje dei ein stor takk.

Samla: Frå venstre: Marit Øvrelid, Bente Johnsen, Inger Fløde, Irene Haram (bak), Julia Eggen (framme), Julie Haldorsen, Anita Søvik og Nils-Jarle Sætre.  Foto: Amanda Røed Stave

Nyhende

Nils-Jarle Sætre frå Vartdal i Ørsta mista mor si til Alzheimers omtrent på same tid som pandemien kom til landet. I kjensler av mellom anna urettferd og sorg ønskte Sætre å hjelpe. Difor starta han reisa, og innsamlinga, som så langt har fått inn om lag 950.000 kroner til hjerneforsking. Av totalen har saumavdelinga bidrege med 34.645 kroner.