Set snart segl langs norskekysten – med lokale møblar

1. desember legg «Havila Capella» ut på jomfrutur frå Bergen. Men Geiranger må vente på besøk fram til sommaren.

Overlevering: Administrerande direktør Bent Martini og eigar og reiar Per Sævik under overleveringa av det første skipet til Havila Kystruten, i stolar frå Ekornes.  Foto: Havila Kystruten

Nyhende

– Den første turen blir som ein vanleg vintertur, så det blir ikkje tur til Geiranger før vi tek til med sommarruta i juni. Det er Kystverket som bestemmer når skip kan segle inn Geirangerfjorden, så dette er ikkje noko som vi kan bestemme sjølve. Det gjeld begge tilbydarane av denne ruta, seier kommunikasjonsansvarleg Torill Myren ved Havila Kystruten til Nyss.