Smittetilfelle i begge kommunar

Covid19  Foto: Arkiv

Nyhende

Stranda

Stranda kommune melder torsdag om at ein person har testa positivt for Covid19. Personen som er smitta sit i isolasjon, og smittesporinga er avslutta.

Sykkylven

Sykkylven kommune melder også torsdag om åtte nye personar som har testa positivt for Covid19. Desse åtte er alle frå husstandar med allereie kjent smitte.

Ingen nye elevar har testa positivt etter hurtigstesting i går. Barneskulane Aure og Ullavik skal ikkje ta fleire hurtigtestar.

Vidare stadfestar kommunen at smittesporinga er ferdig og at alle er sett i isolasjon.