Bestod på første forsøk:

– Du kan ikkje ha høgdeskrekk her

Feiarsvenn Malin Pålsson har bestått fagprøva og oppmoder fleire til å velge dette yrket.

Bestod fagrøva: Feiarsvenn Malin Pålsson.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Malin Pålsson tok nyleg svenneprøva og kan no kalle seg feiarsvenn, eller brannforebyggar som det frå no av skal heite. Den nye tittelen beskriv betre arbeidsoppgåvene til feiaren då arbeidsdagen deira består av mykje meir enn berre det å feie piper.