Mange dugnadstimar ligg bak:

Kransekakebonanza

Eit sikkert teikn på at jula er like om hjørnet er den årlege julemessa på Vestborg.

Full rulle: Bodil Breivik Bø trilla nybaka kaker inn til pakkeavdelinga.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Kvart år vert det arrangert Julemesse på Vestborg vidaregåande skule og i år er det laurdag 20. november som er den store dagen. Her kan bygdefolket kjøpe ting til både seg sjølve og ikkje minst til andre. Felles for både mat og handarbeidet er at alt er heimelaga av gode gamle oppskrifter.