Ho trivst godt med bylivet, men det er noko ho saknar

For Åsta Løfald (22) har idrett alltid vore ein viktig arena for inkludering og trivsel. Ved å utdanne seg innan sport management, kan ho bidra til at andre får oppleve det same.

Engasjement: Idrett skaper engasjement, og dette ønsker Åsta å jobbe med. Bildet er frå arrangementet KK Mila på Bislett Stadion tidlegare i haust. Bak frå venstre: Jevi Majid, Åsta Løfald, Ingrid Fuglår og Ingeborg Heldal. Framme: Else Kåss Furuseth.   Foto: Got Vision AS

Nyhende

Ho studerer ved Norges idrettshøgskole i Oslo, og har det siste året hatt fokus på planlegging og gjennomføring av ulike arrangement. Fotball, ski og fjellturar er ein stor del av livet hennar.