Ungdomen sitt val for framtida: – Det er ikkje alltid like lett

I fire dagar har tiandeklasseelevar hospitert ved Sykkylven vidaregåande skule, og forhåpentlegvis har dei i løpet av desse dagene blitt meir sikre på vegen vidare etter ungdomsskulen.

Helse- og oppvekstfag: Elizaveta Jønvik (i midten) fortalte Tuva Andreassen (t.v.) og Julia Regine Hole om helse- og oppvekstfaget. Dei fekk mellom anna prøve GERT alderssimuleringsdrakt.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Nyss fekk vere med på dag to av hospiteringa, og fekk ta ein prat med både rektor Barbro Midtgård, rådgjevar og avdelingsleiar ved elektro og datateknikk (ED) og teknologi- og industrifag (TIF), Trude Vadset Huse og nokre av elevane.