– Ikkje mist håpet for det kjem alltid lys etter mørke

Ein samtale mellom folk frå Sykkylven eller Stranda.

Fintfølende fingrar: Hudpleiar Johanna Amalia Pasztor er glad i folk og likar å prate med kundane sine.   Foto: Randi Ansok

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Johanna Amalia Pasztor
  • Alder: 37 år
  • Yrke: Hudpleiar hos Fintfølande fingrar
  • Bustad: Stranda

Johanna kjem opphavleg frå Romania, men flytta til Stranda i 2015. Ho hadde vore nokre gongar på besøk sidan søstera hennar bur der, men det var ikkje før etter ei lang tid med overtaling at ho endeleg tok steget og flytta.