Tredje dose med koronavaksine for dei over 65 år

Det er no klart for tredje runde med vaksinering i Sykkylven og Stranda.
Nyhende

Det melder kommunane om på sine heimesider. Har det gått minst fem månader sidan du fekk den andre vaksinedosa med koronavaksine og du er 65 år eller eldre, vil du no få høve til å få ein tredje dose som betre vil beskytte mot koronaviruset.

I Sykkylven melder kommunen at alle dei aktuelle personane skal ha fått beskjed om at dei no kan bestille seg time. Kommunen skriv på Facebook at erfaringsmessig er det mange eldre som treng hjelp med å bestille time digitalt, og at dei oppmodar dei pårørande til å hjelpe til med dette. Vaksinering av alle som er heimebuande vil gå føre seg i det gamle bankbygget i Sykkylven sentrum. Om ein enno ikkje har tatt første eller andre dose av vaksinen er det også høve til å bestille time for dette.

Også i Stranda kommune blir det no gjort klart for vaksinering av den same gruppa. Her vil vaksinering bli gjort på forskjellige datoar i dei forskjellige bygdelaga. Personar i Geiranger og Liabygda vil kunne få vaksinen den 24. november, og dei vil bli kontakta pr. telefon. Vaksineringa vil gå føre seg på omsorgssenteret. På Hellesylt vil vaksinering bli gjort på Hægstad gård den 30. november, og her vil personar få tildelt time med tidspunkt anten via sms eller ved at dei blir ringt opp.

På Stranda vil vaksineringa gå føre seg på Storfjord kulturhus den 7. desember. Her vil dei som er prioriterte få ein sms om time eller ein sms om å bestille seg time, står det på kommunen si heimeside.