Skulle berge fem geitebukkar – sju menneske omkom

Rastragedien i Molaupen ved Hjørundfjorden 24. november 1971 gjorde eit sterkt inntrykk på folk over heile landet, og ikkje minst i nabobygdene Stranda og Sykkylven. Det var mange som hadde slektningar og vener på dei hardt ramma gardane på vestsida av fjorden.

Leitemannskap frå Røde Kors er klare til innsats.   Foto: Privat

Nyhende

Ein ung mann står og viftar med eit klede ved Molaupen, ein fråflytta gard på austsida av Hjørundfjorden. I grenda Ytre-Standal rett på andre sida av fjorden forstår dei at det har skjedd noko alvorleg.