Desse var ute og spreidde glede

Tysdag var MOT til å glede-dagen, ein dag som skal minne oss alle på kor lite som skal til for å glede nokon.

Delte ut peparkaker: Sophia Holmberg (t.v.), Ane Lunde og Marthe Ludviksen Hole kom innom Nyss sine lokale i Aure sentrum. Redaktør Frank Kjøde syntest det var ei gledeleg overrasking.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Rektor ved Sykkylven ungdomsskule, Randi Løseth Aasen kan fortelje at MOT-coachane og dei unge MOTivatorane i forkant hadde møttest på Fønixhuset for å førebu MOT til å glede-dagen, eller årets varmaste dag som den også blir kalla. Ho kan også fortelje at det i fjor vart ein annleis dag grunna korona med berre ei mindre markering, men at det i år var fullt program igjen.