Går nye vegar:

– Kunst og eit glas vin, takk

Margrete Ringdal (80) har for første gong stilt ut bileta sine på ein restaurant.

Fargerik dame: Kunstmålar Margrete Ringdal (80) stiller ut bileta sine på Ocean Bar og Restaurant i desse dagar.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Strandas mest kjende kunstmålar Margrete Ringdal stiller i desse dagar ut måleria sine på den nyrestaurerte Ocean Bar og Restaurant i Stranda sentrum. Her har ho fått plass til neste alle bileta som ho i dag har ferdig, og her vert dei hengande så lenge ho sjølv vil, eller til alle er selde.