Laksedødaren er tilbake

Oter: Uskuldig oter frå dyreparken i Kristiansand.  Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Nyhende

Norwegian Research Centre (NORCE LFI) melder i ei pressemelding at oteren er tilbake, noko som er ei utfordring for villaksen i enkelte elver, slik som tidlegare. Det blir likevel understreka at laksen i Aureelva har lettare for å gøyme seg i kulper og innsjø, enn laksen i Søre Vartdalselva i Ørsta. Sistnemnde er ei lita og grunn elv. Dette er ein konklusjon som er tatt etter at det viste seg at 14 av 30 radiomerka villaks døde i Aureelva, der oteren mest sannsynleg tok ni, medan 23 av 30 radiomerka døde i Søre Vartdalselva.