Former landskap som hobby:

Stiller ut miniatyrverd

I vindauget hos Kjødes Frisørsalong AS i Sykkylven er det stilt ut ein liten by med mange detaljar.

I vindauget: Jens Inge Klokkehaug stiller ut ein liten by med mange detaljar.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Jens Inge Klokkehaug fekk seg ein ny hobby for to år sidan. Han starta med å få på plass ei Märklin digital togbane og begynte å bygge landskap rundt. Etter kvart vart det til ein heil by, med mange bygningar og situasjonar som utspeler seg. No har han også fått på plass ei utstilling i vindauget ved frisørsalongen som kona hans Elise driv, Kjødes Frisørsalong AS. Der er det ein liten by, som ein må studere nøye for å få med seg alle detaljane. Til dømes har blomepinnar blitt til små tømmerstokkar.