– Det var tøft å innsjå at eg måtte gi meg

Ein samtale med folk frå Sykkylven og Stranda.

Kaffikoppgjest: Anita Stavik Utgård vaks opp i Helledalen, men har budd i Hundeidvik heile sitt vaksne liv.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Anita Stavik Utgård
  • Alder: 62 år
  • Bustad: Hundeidvik
  • Yrke: Uføretrygda

Som næraste nabo til Vikelva i Helledalen vaks Anita Stavik Utgård opp saman med foreldra Oline og Trygve, og søskena Annlaug, Terje, Unni, Rune og Wenche. Ho minnast ein fantastisk barndom der elva spelte ei stor og sentral rolle. Der bada dei opp mot tre gongar dagleg om sommaren, og ho kan hugse tilbake til mange koselege timar saman med faren der dei prøvde fiskelykka. Og fisk fekk dei. Ho var elles ein aktiv ungdom som tok del i mange konkurransar i langrennsløypene og vart mellom anna kretsmeister, og som vaksen spelte ho handball for bedriftslaget til Ekornes.