Kjell Bjørn får ofte hjartet i halsen

Svært mange yrkessjåførar registrerer at bruk av refleksvest ikkje er populært, spesielt mellom skuleelevane.

Oppmoding: Drosjesjåfør Kjell Bjørn Skarberg i Sykkylven Taxi AS fortel at han stadig opplever farlege situasjonar fordi dei som ferdast langs vegen ikkje brukar refleks.   Foto: Christine Fohlin Verneland / arkiv

Nyhende

– Mykje kan tyde på at skuleelevane meiner at det ikkje er kult nok å bruke refleksvest. Eg opplever stadig farlege situasjonar når eg ferdast langs vegane, seier drosjesjåfør Kjell Bjørn Skarberg, som er oppteken av å få snu trenden slik at fleire unge vil bruke refleksvest, som utan tvil kan redde liv.