No veit vi kven mannen framfor lastebilen er

Nyhende

lastebil, før i tida, Aure sentrum 

FORD THAMES LASTEBIL: Førre fredag hadde vi på denne sida eit bilete frå 1957 av ein lastebil, samt ein person som gjekk framføre bilen. Biletet var innsendt av Atle Grebstad Eliassen. Vi stilte tre aktuelle spørsmål: – Kven eig lastebilen, kva er typenamnet på bilen, og kven er personen på biletet. Den første som melde seg i redaksjonen var Leikny Ramstad Schjønhaug som kunne fortelje at mannen på biletet er far hennar, Ole L. Ramstad som var fødd i 1910. Han arbeidde hos Andreas L. Aure, eller Phil-Andreas som han vart kalla på folkemunne, og han er nok eigaren av bilen. Ekspert på veteranbilar, Kjell Jarle Gjerde kan opplyse at han er nokså sikkert på at lastebilen er ein 1952 modell Ford Thames, som hadde ein V8 motor på 60 hk under panseret.