Synspunkt:

– Eg vil ikkje for nokon pris byte ut trivelege Harald, Janne og gjengen i Kyrkjegata med Se og Hør og Villmarksliv på venterommet

  Foto: Illustrasjon/fotomontasje: Linda Nygard-Sture

Nyhende

I utgangspunktet hadde eg denne gongen tenkt å skrive noko bra og humørlaust om eit eller anna vondt og vanskeleg emne. Eg tok meg i det, og fann ut at eg IKKJE ville vere djuptpløgjande. Synspunktet mitt skal vere fritt for djupsinn og ekspertfakter. Heller eit kvardagsemne som de skal sjå ikkje er heilt tannlaust likevel - om ein liten bagatell som kan vise seg å vere ein stor bagatell. Temaet er undersnakka. Det kjem eg attende til.