Samarbeidsprosjektet Fjellsætra Alpin Lodge

Satsar på laftahytter i ein umetteleg marknad

Tolv nye frittståande miljøhytter bygd på gamle norske byggetradisjonar vert snart sett opp på Fjellsætra.

Samarbeid: Knut Henning Aursnes (t.v.) Grethe Opsvik-Bøe frå Miljøhus AS og Lars Hellevik frå Aursnes & Partners.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Utbyggarar har stor tru på at enda fleire vil bygge seg hytter i vår region. På Fjellsætra skal det no byggast tolv nye laftehytter, og det er tre bedrifter som står bak dette samarbeidsprosjektet. Miljøhus AS står bak Miljøhytta og står for utforming av hyttene. Brødrene Aursnes AS er totalentreprenør og Aursnes & Partners Eigendomsmegling er ansvarleg for sal og marknadsføring.