Bilmekking på timeplanen

Dennis får dyrke hobbyen i skuletida

Når Dennis Kalstad (14) får stå med hovudet ned i eit motorrom er han i sitt rette element. Takka vere uteskulen til Sykkylven ungdomsskule, får han gjere dette også i skuletida.

Bilinteressert: Dennis Kalstad (14) har alltid vore interessert i bil, og er glad for at uteskulen har fått ein eigen verkstad.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Sidan hausten 2019 har ungdomsskulen i Sykkylven hatt tilbod om uteskule for dei elevane som treng å spe på den vanlege skuledagen med noko praktisk.