Folketalet går ned i begge kommunar

Når ein ser på tal frå Statistisk sentralbyrå om folketalet i kommunane i Nyss sitt dekningsområde kan ein sjå at tala er på veg ned.

Baby: Vesle Emil Langhelle er snart fire månadar gammal og blei født på Ålesund sjukehus i 2021. Han bur på Stranda saman med mor og far.  Foto: Rita Svorkås

Nyhende

Per 3. kvartal 2021 var det registrert 5.415.166 personar i Noreg, som er ei aukande endring på litt over 30.000 menneske frå same kvartal året før. Trass i auka på landsbasis er det ikkje det same resultatet i Sykkylven og Stranda.