Er du klar for Gyda?

Frå onsdag ettermiddag er ekstremvêret Gyda venta å treffe Trøndelag og Møre og Romsdal.

Klar for ruskevér: Terje Langlo ved Indre Sunnmøre Gjensidige vonar folk førebur seg for det komande døgn.  Foto: Rita Svorkås

Nyhende

Gyda har fått raudt farenivå som tyder at ein forventar ekstreme konsekvensar som følgje av vêret. Det vil vere stor fare for tap av liv, og det kan verte store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur. Styresmaktene og sivile i råka område bør utføre tiltak som bidreg til å sikre liv og avgrense skadeomfanget. Folk flest bør minimere ferdsel i råka område. Meteorologisk institutt melder om at det er venta ei nedbørsmengde mellom 80-120mm med regn.