Fleire i Vikedalen utan straum – kan ta fleire timar før den er tilbake

Kortslutning i ein trafo har gjort fleire straumlause i Vikedalen, men det er ingenting som tyder på at det har med uvêret å gjere.

Straumstans: Fleire var utan straum i Vikedalen i Sykkylven onsdag ettermiddag. Her er montørar frå Sykkylven Energi på plass for å fikse problemet.  Foto: Privat

Nyhende

– Så vidt vi veit har ikkje feilen i trafostasjonen noko med vêret å gjere. Den hadde nok skjedd på eitt eller anna tidspunkt uansett, seier informasjonsansvarleg Tone Skårland Gjærde hos Sykkylven Energi til Nyss.