Dagens kommentar, 12. januar 2022:

Forgubbing eller ny giv?

Ein treng å halde snittalderen nede i distrikta.  Foto: Randi Ansok/Arkiv

Nyhende

Samla sett vil den norske befolkninga vekse med 11 prosent fram til 2050, ifølge Statistisk sentralbyrå (SBB) sine regionale befolkningsframskrivingar. Men befolkningsveksten ser ut til å verte ujamt fordelt geografisk. Ungdommen rømmer frå distrikta og inn til storbyane, medan dei eldre sit igjen i bygda, viser undersøkingane SSB har gjort for dei komande 30 åra. Det blir anslått at fire av ti norske kommunar vil ha ei langt mindre og langt eldre befolkning om 30 år. Om lag 60 prosent av alle kommunane er forventa å vekse, og 20 prosent har særleg høg vekst, på over 15 prosent. I 140 kommunar er det derimot venta å få nedgang i folketalet, og Stranda og Sykkylven er mellom desse.